首页 | 本学科首页   官方微博 | 高级检索  
   检索      


OBITUARY
Authors:Ernst Håkon Jahr
Abstract:Samandrag:

Artikkelen gir eit oversyn over dei ulike språklege resultata av språkkontakt i Nord‐Noreg. I fleire hundre år har det rådd ein fleirspråkleg situasjon i dette området. Her kunne ein høyre og observere ikkje berre eitt eller to språk i bruk, men mange: Norsk, samisk, finsk, russisk, svensk, dansk, engelsk, tysk og fransk. Denne artikkelen tar først og fremst for seg norsk, samisk og finsk. Dei ulike språklege resultata som er oppstått av dette fleirspråklege miljøet, kan oppsummerast slik: 1. Ulike slag primitive augneblink‐språk med stutt levetid og utan verknad på andre språk i området. 2. Eit langvarig russisk‐norsk pidginspråk, russenorsk, som blei brukt i om lag 150 år i pomorhandelen mellom nordmenn og russarar. 3. Adstratum‐element frå norsk i samisk og i finske dialektar i Nord‐Noreg, og frå samisk i finsk. 4. ?Samenorsk? med mange klare samiske sub‐stratelement. 5. Språkdød, som spesielt rammar finsk i Nord‐Noreg, med mange døme på analogikonstruksjonar og reduksjon i form‐verket. 6. Reduksjon og utjamningar i det morfologiske systemet i norske dialektar i området som eit resultat av språkbytte (frå finsk og samisk til norsk). ‐ Desse ulike lingvistiske resultata gjer Nord‐Noreg til eit svært interessant område i den faglege drøftinga om språkkontakttypologi.
Keywords:
设为首页 | 免责声明 | 关于勤云 | 加入收藏

Copyright©北京勤云科技发展有限公司  京ICP备09084417号